Høg luftureining trass i koronatiltak

Svevestøv har ført til luftureining på raudt nivå langs norske vegar dei siste dagane, trass i ein kraftig nedgang i trafikken.
innenriks

Tiltaka som vart sette inn mot koronaviruset fredag 13. mars, har ført til ein reduksjon i personbiltrafikken på opptil 40 prosent i størstedelen av landet, melder Norsk institutt for luftforsking (Nilu).

Likevel har målestasjonar langs norske vegar registrert luftureining som tidvis er på raudt nivå.

– Det er svevestøv som fører til dei raude nivåa, seier forskingsdirektør Britt Ann K. Høiskar ved Nilu i ei pressemelding.

Når snø og is smeltar, ligg det mykje vegstøv langs vegane. Dette blir kvervla opp av bilane, forklarer ho.

Når det gjeld konsentrasjonen av NO2 i lufta, viser målingane ein klar nedgang etter at tiltaka vart sette i verk.

(©NPK)