Koronasmitta kvinne døydde på Drammen sjukehus

Ei koronasmitta kvinne døydde torsdag på Drammen sjukehus, opplyser familien til Drammens Tidende.
innenriks

Verken kommunikasjonsansvarleg Hege Frostad Dahle eller fagdirektør Ulrich Spreng i helseføretaket Vestre Viken ønskjer overfor avisa å uttale seg om dødsfallet, men viser til dei daglege oppdateringane, som blir publiserte klokka 14.00.

Det er så langt meldt om 16 koronadødsfall her i landet.

(©NPK)