Nødhjelpsordninga for bedrifter: Slik blir søknadsprosessen

I eit enkelt nettskjema skal koronaramma bedrifter snart kunne søkje om kompensasjon frå staten. Om tre veker skal pengane kunne vere på konto.
innenriks

– Det kjem ikkje til å ta lang tid å søkje. Det skal ikkje vere veldig komplisert, forsikrar administrerande direktør Idar Kreutzer i Finans Norge til NTB.

Det er Finans Norge som har fått ansvar for å drive kompensasjonsordninga som vart presentert fredag, der staten skal betale ut pengar til bedrifter som taper inntekter på grunn av koronakrisa.

– Dette er nødhjelp til dei bedriftene som har svikt i omsetnaden, anten på grunn av smitteverntiltaka eller sjølve virusutbrotet i seg sjølv, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Pengane skal gå til å betale løpande kostnader som husleige, straum og forsikringar.

– Det vil bli etablert ein nettportal der du som næringsdrivande kan logge deg på og identifisere deg. Du søkjer elektronisk ved å oppgi dei dataa som Stortinget og regjeringa fastset som kriterium for ordninga, forklarer Kreutzer.

Han understrekar at dei enno jobbar med ordninga, og at ho først kjem opp og går seinare.

– Må kunne dokumenterast

Kreutzer seier at søknadene vil bli kontrollerte opp mot alle relevante tilgjengelege offentlege register.

– Eit kriterium som har vorte nemnt, er at bedrifta må kunne dokumentere eit reelt fall i omsetninga.

Regjeringa har varsla at detaljane i ordninga skal vere klare neste fredag, men det er framleis mykje som ikkje har kome på plass. Eit spørsmål som ventar svar, er mellom anna kor stor del av inntektsbortfallet staten vil betale for. Det er òg uklart kor store summar regjeringa maksimalt vil kompensere gjennom ordninga.

Men bodskapen er at ho skal femne breitt.

Pengar på konto

Når søknaden er levert, blir han automatisk sjekka og kontrollert.

– Så er det elektronisk overføring av pengar til konto. Det blir ein heilautomatisk prosess, seier Kreutzer.

Målet er at pengane skal vere på konto innan to til tre veker, opplyste han fredag. Truleg vil bedriftene sjølv måtte anslå kor mykje pengar dei taper på koronakrisa.

– Det vi finn i offentlege register, er det som har skjedd i verksemda di i 2018/2019. Vi finn ikkje omsetnadsbortfallet i offentlege register. Så der må du seie kva bortfallet har vore, og så må du kunne dokumentere det i ettertid, seier Kreutzer.

Kontrollar

Finans Norge-sjefen påpeikar at det blir ei tillitsbasert ordning.

– Du leverer inn data på ære og samvit, og du forpliktar deg sjølv å levere rett data, seier han.

Men det blir òg varsla kontrollar for å hindre misbruk.

– Det skal vere ei enkel ordning, men det skal sjølvsagt òg leggjast til rette for kontroll, sånn at vi kan vere trygge på at pengane går til dei som treng dei, og at dei blir brukte slik dei er meinte å brukast, seier finansminister Jan Tore Sanner (H) til NTB.

Truleg vil bedriftseigarar kunne logge inn via etablerte system, til dømes BankID, når dei skal søkje om pengar.

(©NPK)