Nesten 300.000 har søkt om dagpengar sidan 12. mars

Torsdag fekk Nav 13.000 nye søknader om dagpengar. Dei siste 15 dagane har det kome inn nesten 300.000 søknader.
innenriks

Sidan torsdag 12. mars, dagen mange av dei mest omfattande tiltaka vart innførte for å avgrense smittespreiinga, er det kome inn totalt 287.200 søknader om dagpengar. 262.200 gjeld dagpengar ved permisjon, opplyser Nav fredag.

Torsdag kom det inn 13.000 nye søknader. Her var det 11.400 søknader om dagpengar ved permisjon.

Over 10 prosent av arbeidsstyrken i Noreg har no søkt om dagpengar sidan måndag 9. mars.

Så langt i år har det kome inn totalt 326.100 søknader om dagpengar. I heile fjor var talet 160.500. Dermed har vi passert dobbelt så mange søknader om dagpengar hittil i år som i heile fjor.

(©NPK)