Opposisjonen krev konkretisering av «ullen» kontantstøtte

Opposisjonspartia meiner Stortinget må gå inn og gi klarare føringar om den nye kompensasjonsordninga regjeringa har foreslått for kriseramma bedrifter.
innenriks

Ei kompensasjonsordning på 10–20 milliardar kroner i månaden for å dekkje faste utgifter som husleige og forsikringspremie for bedrifter som har mista betydelege inntekter på grunn av dei drastiske tiltaka for å stoppe spreiinga av koronaviruset.

Det var lovnaden frå finansminister Jan Tore Sanner (H) fredag morgon.

– Vi dekkjer altså ein del av dei kostnadene som bedriftene ikkje kjem unna. Ei slags kontantstøtte, sa han.

Men skissa er framleis uferdig.

– Det er for ulle til at vi kan seie om det er ein god nok ordning, seier Framstegspartiets finanspolitiske talsperson Sylvi Listhaug til NTB.

SVs Kari Elisabeth Kaski er samd.

– Det er veldig vagt, seier ho.

– Så her vil vi måtte gå inn i detaljane på Stortinget og gi nokon klare føringar.

Krev avklaringar

Opposisjonspartia ventar no intense forhandlingar gjennom helga på Stortinget om den nye kompensasjonsordninga.

Det er då spesielt tre spørsmål som må avklarast:

* Det eine er dekningsgrad, det vil seie kor mykje av dei faste kostnadene for bedriftene som skal dekkjast av staten. Fleire parti har teke til orde for full dekking av løpande faste kostnader for bedrifter som har vorte pålagde av styresmaktene å stengje, som frisørar.

* Eit anna spørsmål er kor stort fall i inntekter ei bedrift må oppleve før ho får krav på hjelp. Heller ikkje dette er avklart i skissa frå regjeringa.

* Det tredje spørsmålet er varigheit. Sanner har signalisert at ordninga i første omgang skal gjelde i to månader. Det meiner fleire parti høyrest lite ut.

Varigheit blir tema

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum meiner regjeringa burde ha gått inn for ei meir langvarig ordning.

– Eg trur det hadde vore lurt å gi meir føreseielegheit, seier Vedum til NTB.

– Når regjeringa sjølv i forslaga sine til avgiftsutsetjingar har lagt opp til at desse skal vare til 31. oktober, så trur eg nok det er mange som spør seg kvifor dei berre har foreslått to månader for bedriftene, supplerer Arbeidarpartiets finanspolitiske talsperson Hadia Tajik.

Eit anna spørsmål er kva startdatoen skal vere. Dei drastiske tiltaka for å stoppe koronaviruset vart sette i verk allereie 12. mars, noko som tyder at ordninga må få tilbakeverkande kraft viss bedriftene skal kompenserast fullt ut, påpeikar Kaski.

– Eg meiner vi må leggje føringar frå Stortinget på alle desse områda, seier ho.

Truar med husleigelova

I diskusjonane om kompensasjonsordninga har parti som SV og Raudt òg kravd at også huseigarane tek sin del av rekninga.

Det kan til dømes skje ved at regjeringa tek i bruk unntaksføresegner i husleigelova som opnar for å innføre leigestopp eller maksimalsatsar.

– Her må alle vere med på spleiselaget, held Kaski fast på.

– Det er i interessa deira at bedriftene overlever. Då kan dei ikkje berre sitje og sko seg på at fellesskapen no går saman om å kompensere desse bedriftene, åtvarar ho.

Vedum er derimot skeptisk.

– Vi i Stortinget kan ikkje gå inn og bestemme husleige på kvart enkelt bygg rundt om i Noreg, seier han.

– Viss vi skal byrje å bestemme husleiger politisk, då bommar vi heilt garantert.

(©NPK)