Oslo Børs med fall på 4 prosent

Oslo Børs starta fredagen med fall, og det har auka gjennom dagen. Ved 15-tida har hovudindeksen falle 4 prosent til 664,53 poeng.
innenriks

I Tokyo steig Nikkei-indeksen nesten 4 prosent natt til fredag norsk tid, og i Shanghai og Hongkong var det svak oppgang. Det smitta likevel ikkje over på europeiske børsar.

Blant dei tonegivande børsane i Europa står det verst til i London, der FTSE 100-indeksen har falle heile 5,6 prosent. I Paris og Frankfurt har hovudindeksane svekt seg høvesvis 4 og 3,3 prosent.

Shipping skil seg ut på Oslo Børs, med ein oppgang på 0,6 prosent. Sjømatsektoren fell 4,3 prosent, medan energisektoren har ein nedgang på 5,2 prosent.

(©NPK)