Regjeringa forlengjer dagpengeperioden

Arbeidslause og permitterte som er i ferd med å gå ut maksperioden på dagpengar, får no utvida dagpengeperioden sin ut juni.
innenriks

Det vedtok regjeringa i statsråd fredag. Tiltaket er primært retta mot personar som var arbeidslause eller permitterte før koronakrisa slo inn. Fleire av dei er i ferd med å gå ut maksperioden med dagpengar.

– Vi har ein heilt ekstraordinær situasjon på arbeidsmarknaden. Dei som allereie er i ferd med å gå ut maksperioden med dagpengar, møter no høg arbeidsløyse og tøff konkurranse om jobbane. Derfor utvidar vi dagpengeperioden mellombels for både arbeidslause og permitterte slik at dei blir sikra inntekt ut juni, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

I dag kan ein maksimalt få dagpengar i 104 veker, dersom ein har tent over 2G. Ifølgje Nav vil i underkant av 4.500 personar gå ut sin maksimale dagpengeperiode før 30. juni.

For permitterte vil det bli ei tilsvarande utviding av dagpengeperioden ved at arbeidsgivarar blir fritekne frå lønnsplikt for dei som var permitterte før 1. mars 2020.

– Dette tyder at staten betaler dagpengar for permitterte utover dagens 26 veker. Inntil vidare gjeld dette ut juni, seier Isaksen.

(©NPK)