Rogaland brann og redning oppmodar til brannøving i heimen

Med mange barn heime store delar av døgnet blir familiar oppmoda om å gjennomføre brannøvingar og tenkje gjennom branntryggleiken i heimen
innenriks

– Nokre barn er heime åleine, andre er saman med familien. Uansett bør ein øve på kva den enkelte skal gjere dersom det byrjar brenne, seier branninspektør Rønnaug Holtermann i Rogaland brann og redning IKS i ei pressemelding.

Rogaland brann og redning skriv at risikoen er at barn lagar mat og lader elektronisk utstyr medan dei er åleine heime.

Dei oppmodar til å ha eit brannmøte der alle som bur i bustaden, kan avtale korleis ein kjem seg ut om det brenn og kvar alle skal møtast.

(©NPK)