FHIs korona-app kjem like over påske

FHIs nye smitteapp vil gi deg varsel dersom du har vore mindre enn to meter frå ein koronasmitta i over eit kvarter. Etter planen er den klar over påske.
innenriks

– Vi jobbar for harde livet med å bli ferdige, seier områdedirektør Gun Peggy Knudsen i FHI, som har ansvaret for utviklinga av appen.

Appen skal spore rørslene til nordmenn i kampen mot koronaviruset. Knudsen fortel at løysinga nyttar GPS- og bluetoothsignaler for å avgjere om folk har vore tett på kvarandre.

Dersom ein person som har installert appen, får stadfesta koronasmitte, vil alle andre som har appen få eit varsel dersom dei har vore i nær kontakt, til dømes tettare enn to meter på denne personen i meir enn 15 minutt i løpet av den siste tida.

– Dei vil få beskjed om at dei kan ha vore utsette for smitte, med eit råd om korleis dei skal forhalde seg, seier Knudsen til NTB.

Tids- og avstandskriteria gjer at ein ikkje får varsel dersom ein til dømes har sneia ein smitta på gata.

Snart klar

Av omsyn til personvern får ein ikkje vite kvar og når på dagen ein møtte den koronasmitta.

– Vi kjem nok til å gi beskjed om kva dag det var, det er jo viktig for kor lenge du bør halde deg heime. Men vi kjem til å vere veldig påpasselege med tidspunkt for at det ikkje skal vere identifiserande, seier områdedirektøren.

Appen vil bli tilgjengeleg for nedlastning så snart han er klar, men sjølve smittesporinga gjennom appen blir gradvis innført.

– Det vil uansett gå nokre dagar før vi kan byrje å spore. Vi må samle data først, seier Knudsen.

Ho fortel at dei skal samarbeide med eit par kommunar i starten for å samanlikne data og sjekke at alt fungerer som det skal.

Jo fleire som tek i bruk appen, jo meir effektiv blir han.

– Vi håper at flest mogleg lastar han ned, men det er viktig å understreke at dette er frivillig.

Høge forventningar

Mange har høge forventningar til appen, og både helseministeren og statsministeren har festa lit til at appen kan bidra til at nokre av dei strenge smitteverntiltaka kan opphevast.

– Vi kan kanskje ta nokre av dei strammaste tiltaka ned viss vi får til denne sporingsappen som vi no jobbar med, sa statsminister Erna Solberg (H) seinast då ho gjesta Nitimen på NRK onsdag morgon.

Fleire andre land har utvikla liknande smitteapper, men med ulik grad av kontroll og personvernvern. I Kina blir til dømes appen brukt nærast som eit helsekort der ein får fargane raud, gul og grøn, medan Israel bruker appen til å kontrollere om folk overheld karantenen.

– Noko av sporingsfunksjonaliteten i løysingar som blir brukte i utlandet, er uaktuelle i Noreg, som til dømes det å vise kor smitta oppheld seg på eit kart. Løysingar som kategoriserer innbyggarar i samsvar med smittestatus, og tvingar dei til å vise helseinformasjon om seg sjølv offentleg, har vi ikkje ønskt å gå vidare med, seier Knudsen.

Sentral lagring

Styresmaktene i Noreg kjem ikkje til å følgje opp om enkeltpersonar avgrensar rørslene sine når dei blir bedne om å gå i karantene, men dataa blir analyserte på eit overordna nivå for å sjå korleis ulike smitteverntiltak slår ut i rørslene til folk.

I motsetnad til løysingane fleire andre land har gått for, skal posisjonsdataa til nordmenn blir lagra sentralt.

– Det blir stilt ekstra krav til personvern og informasjonssikkerheit når ein lagar ei sentralisert løysing. Vi har jobba mykje med å ta vare på personvernet, seier Knudsen.

(©NPK)