204 koronasmitta innlagde på norske sjukehus – 10 færre enn søndag

204 pasientar er måndag 2. påskedag innlagde med koronasmitte på norske sjukehus. Dermed held nedgangen fram etter ein dag med stabile tal.
innenriks

Skjærtorsdag steig talet på innleggingar med to, før det fall langfredag og påskeaftan. 1. påskedag var talet stabilt med 214. No har det altså falle med ytterlegare ti.

58 pasientar får invasiv respiratorbehandling, opplyser Helsedirektoratet. Det er ein nedgang på éin frå 1. påskedag og det lågaste talet sidan 25. mars då 57 pasientar fekk slik behandling.

148 pasientar er innlagde i Helse Sør-Aust, 22 i Helse Vest, 20 i Helse Midt-Noreg og 14 i Helse Nord.

6.488 personar er til no registrerte smitta av koronaviruset i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI). Det er ein oppgang på 73 tilfelle. Snittalderen på dei som har testa positivt er 48 år, og kjønnsmessig er det heilt likt fordelt.

Per 1. påskedag klokka 15:00 var 127.304 nordmenn testa for covid-19.