Medisin frå norsk bioteknologiselskap blir testa av britiske styresmakter mot covid-19

Britiske styresmakter har på rekordtid fått i gang klinisk testing av seks medisinar mot koronavirus. Først ut er medisinen Bemcentinib frå Bergenbio i Noreg.
innenriks

– Vi har vorte plukka ut av britiske styresmakter, ja, dei vil bruke medikamentet vårt og vi er først ut i eit forsøk som omfattar i alt seks medikament som skal testast for å sjå om dei har effekt mot covid-19, seier finansdirektør Rune Skeie til NTB natt til onsdag.

Han er svært fornøgd med å ha vorte vald ut og forventar at dei første dataa vil vere tilgjengelege innan få månader.

Hurtigprosess

BerGenBios medikament Bemcentinib er ifølgje han for tida under klinisk testing som kreftmedikament fleire stader i verda, men er no vald til studien der britanes ser etter medikament som tidleg kan gi god behandling mot covid-19.

– Det har gått relativt raskt ut, for å seie det sånn. Vi er veldig fornøgd med å vere ein del av programmet her. Då kjem vi fort i gang med studien og får behandla folk raskt. Slike studiar kan ta 18 månader å få i gang, no har vi fått det til på nokre veker, seier Skeie

Påvist effekt mot virus

Medikamentsmateriell og forsøksressursar blir levert av Bergenbio, som vil starte med testing av 120 forsøkspersonar, 60 av dei innlagde pasientar med covid-19 og 60 i ei kontrollgruppe som får standardbehandling ved seks britiske sjukehus. Studien er finansiert av det britiske helsedepartementet Department of Health and Social Care (DHSC) og Det britiske forskingsdirektoratet UK Research and Innovation (UKRI).

Bemcentinib er utvikla av Bergenbio. Ifølgje Skeie fungerer det ved at det behandlar eit protein i cellene, AXL-proteinet, og blokkerer AXL-signal i cellene. Dette gjer, litt enkelt sagt, at immunforsvaret blir betre. Medikamentet har vist antiviral effekt i tidlegare forsøk.

(©NPK)