Koronaviruset gjer fleire redde for å sende sine næraste på sjukeheim

Pårørande er engstelege for å sende sine næraste til korttidsplassar på sjukeheim som har hatt koronadødsfall. – Veldig liten risiko, seier Helsedirektoratet.
innenriks

Fleire koronasmitta personar har døydd på norske sjukeheimar. No er mange pårørande engstelege for å sende sine næraste på opphald på sjukeheim som har hatt koronadødsfall, skriv NRK.

Både i Kristiansand, Drammen, Bergen og Trondheim har det vore nedgang i etterspurnaden.

I Kristiansand var det smitte på tre sjukeheimar, og spesielt Stener Heyerdahl omsorgssenter var utsett. Her døydde fem koronasmitta pasientar, medan ti var smitta før ein fekk kontroll.

– Dette var tidleg i pandemien. Vi følgde alle råda frå Folkehelseinstituttet (FHI), men smitten kom inn via ein symptomfri tilsett. Smitten rakk å spreie seg før vi fekk slått alarm og fekk kontroll på situasjonen, seier kommuneoverlege Dagfinn Haarr i Kristiansand til kanalen.

Sidan slutten av mars har det vore koronafritt på sjukeheimen.

– Alle nye pasientar blir testa, og vi får raskt svar så vi veit at dei ikkje tek smitte inn på sjukeheimane, seier Haarr.

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad seier situasjonen på norske sjukeheimar no er veldig mykje betre enn han var.

– Det er veldig lite ny smitte både på sjukeheimar og elles i samfunnet i Noreg no. Det er ein veldig liten risiko for å i det heile kome borti koronavirus no, seier Nakstad.

(©NPK)