KrF varslar lobbykamp til siste slutt

KrFs parlamentariske leiar Hans Fredrik Grøvan er håpefull etter at Stortingets presidentskap sa ja til full sal under voteringa på tysdag om bioteknologilova.
innenriks

– Vi veit at enkeltrepresentantar i parti som Frp, der dei har tradisjon for å stille representantane fritt, har sagt at det er i tvil eller imot delar av det forslaget som er fremja av Ap, Frp og SV, seier Grøvan til NTB.

Han fortel at KrF har gått aktivt ut dei siste dagane for å prøve å «opplyse debatten». Dette vil partiet halde fram med heilt fram til voteringa.

– Vi kjem til å bruke òg dei neste dagane til å vere med på å påverke.

For å ta vare på smittevernet har Stortingets presidentskap bestemt at det skal setjast opp pleksiglas mellom stolar som står inntil kvarandre i stortingssalen. Det kostar 225.000 kroner. Men Grøvan synest ikkje kostnaden er for høg.

– Det er ikkje eit demokrati verdig å ikkje kunne samle Stortinget når det trengst. Det er ein rett i det politiske systemet vårt at når eit parti meiner ei sak er svært viktig, så skal ein kunne seie at ein stiller med full gruppe, seier Grøvan.

– Eg synest ikkje denne kostnaden er stor sett i forhold til kor viktig det er at dei grunnleggjande demokratiske prinsippa våre blir også haldne oppe i krisetider, seier han.

(©NPK)