Meir vald i norske fengsel

Meir heimesoning med fotlenke gjer at delen valdskriminelle i norske fengsel aukar. Det kan vere årsaka til auken i talet på valdstilfelle mellom innsette.
innenriks

Kriminalomsorgsdirektoratets (KDI) siste årsmelding viser ei «urovekkande auke i talet på tilfelle av vald og truslar mellom innsette». Nesten 500 tilfelle vart rapporterte i 2019, mot knappe 300 i 2018.

– Vold mot andre innsette auka i 2019, men generelt er det stille i norske fengsel, seier assisterande KDI-direktør Jan-Erik Sandlie til ABC Nyheter.

Mange innsette med kortare dommar sonar no heime med fotlenke. Fleire av desse har tidlegare sona i fengsel, og då kan dei ha hatt ein stabiliserande effekt på andre innsette.

– Ja, det er ein meining som går igjen i rapportane frå dei ulike regionane. Vi har inga evaluering som konkluderer, men mange fengsel melder om akkurat det, seier Sandlie.

Ein reduksjon til 90 prosent av kapasiteten i fengsel med høgt tryggingsnivå blir vurdert som eit tiltak for å betre situasjonen.

I fjor vart det funne 28 farlege gjenstandar i fengsla, samanlikna med 14 året før. Døme på dette er spissa plastknivar og skrutrekkjarar.

(©NPK)