Stor pågang av heimlause dyr

Dyrebeskyttelsen fann heimar til 3.727 dyr i 2019 og endå fleire fekk hjelp av organisasjonen. 90 prosent av dyra var kattar.
innenriks

Totalt fekk 6.069 familiedyr direkte hjelp frå Dyrebeskyttelsen i 2019. Mellom anna tok organisasjonen hand om 139 hundar og 285 kaninar. 89 av hundane vart omplasserte.

Som tidlegare år blir det meldt om store mengder dyr som organisasjonen ikkje har kapasitet til å hjelpe.

I 2019 overtok Dyrebeskyttelsen 409 dyr frå styresmaktene. Dette er i hovudsak dyr som politiet eller Mattilsynet har teke frå eigar på grunn av mishandling og vanstell. Det er ein nedgang på 9,5 prosent frå året før.

Ein tredel av kaninane som fekk hjelp, kjem frå styresmaktene. Dyrebeskyttelsen meiner det tyder på at ein del kaninar lever under dårlege forhold i Noreg.

– Det er nok mange som ikkje forstår at ein kanin krev like mykje som ein hund, han lever like lenge, det kostar like mykje å ta han med til veterinær, han treng stor plass, og ein kaninven å dele livet med, seier veterinærfagleg rådgivar Birgitte Fineid i Dyrebeskyttelsen.

(©NPK)