8.332 registrerte koronatilfelle i Noreg – opp 23

Det var ved midnatt registrert 8.332 tilfelle av koronasmitte i Noreg, viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet.
innenriks

Dette er ein auke på 23 tilfelle siste døgn. Dei siste to dagane er auken på 41 tilfelle.

Tala er henta frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) og viser ei førebels oversikt.

I alt 41 personar får behandling på sjukehus for covid-19-sjukdom. Det var fredag registrert 235 døde som følgje av sjukdommen.

(©NPK)