Mann omkom etter å ha køyrt i fjellvegg

Ein mann i 20-åra omkom etter ei bilulykke på Sørsidevegen ved Malmefjorden i Møre og Romsdal natt til måndag.
innenriks

Klokka 10.19 sende Møre og Romsdal ut ei pressemelding om at mannen var omkomen. Pårørande er varsla.

Politiet opplyser til NTB at ein forbipasserande på staden klokka 4.54 varsla om ein personbil som hadde køyrt inn i fjellveggen.

– Ein person sat fastklemd, hardt skadd. Nødetatane er på staden og har fått personen ut av bilen. Luftambulanse har akkurat landa i 5.30-tida og vil frakte vedkomande til sjukehus. Vegen blir stengd, sa operasjonsleiar Jens Dahl til NTB tidleg måndag morgon.

Bilføraren var åleine i bilen. Årsaka til ulykka er ikkje kjend, men ulykkesavdelinga i politiet vart send til staden.

(©NPK)