Sanner-garanti mot avgiftshopp på campingbilar

Revidert nasjonalbudsjett skapte uvisse om campingbilar ville få auke i avgifter i 2021. Det kjem ikkje til å skje, stadfestar finansministeren no.
innenriks

EUs nye reknemetode for måling av avgassar (WLTP) er bakteppet for uklarleiken.

Når det gjeld varebilar, klargjorde regjeringa i revidert nasjonalbudsjett at dei vil jamne ut auken, slik at dei totale avgiftene ikkje blir høgare. Det same vart ikkje gjort for campingbilar, men måndag kom avklaringa frå finansminister Jan Tore Sanner (H) i eit brev til Stortinget.

– Også for campingbilar er det snakk om ei provenynøytral omlegging, og det er ikkje lagt opp til noka generell avgiftsauke for campingbilar til neste år, skriv han.

Men nokre endringar kan det likevel bli:

– Det vil vere forskjell på kor mykje målte utslepp blir endra for dei enkelte bilmodellane. Ulik utsleppsendring vil medføre at avgiftsnivået kan endrast, anten opp eller ned, for dei enkelte bilmodellane, sjølv om omlegginga samla blir gjennomført provenynøytralt, skriv Sanner.

Både sal og utleige av bubilar har skote i vêret som følgje av koronakrisa, fordi strenge reiserestriksjonar tvingar nordmenn til å feriere i eige land.

(©NPK)