Fleire reiste kollektivt i 2019

I 2019 vart det registrert over 718 millionar reiser med kollektivtransport i Noreg, opp 5,3 prosent frå året før, opplyser Statistisk sentralbyrå.
innenriks

Det svarer til 35,9 millionar fleire reiser i 2019, ifølgje SSB.

Bussreiser stod for den meste veksten i talet på passasjerar, med 30,3 millionar fleire reiser enn året før. Over 60 prosent av kollektivtransporten i 2019 føregjekk med buss.

Samla sett auka passasjertalet for alle typar kollektivtransport.

Nær 46 prosent av alle kollektivreiser i Noreg i 2019 vart gjort i byområde, og Stavanger hadde den største prosentvise veksten med 18,5 prosent, følgd av Haugesund med 17,7 prosent.

(©NPK)