Den norske nødrespiratoren er klar til produksjon

Nødrespiratoren Laerdal Servi Ventilator har no vorte ferdig testa og kvalitetssikra. Helse sør-aust har allereie bestilt 1.000 eksemplar.
innenriks

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) skriv i ei pressemelding at dei fredag har lagt fram ein rapport om utviklinga.

– Vi meiner den tekniske og funksjonelle kvaliteten ved den endelege løysinga har vorte god, seier forskingsdirektør Hanne Bjørk ved FFI. Konklusjonen blir støtta av anestesilegane som har bidrege til utvikling og testing av nødrespiratoren.

I slutten av mars kunngjorde statsminister Erna Solberg (H) at regjeringa ville garantere finansiering av prosjektet og bestille 1.000 eksemplar. Fleire fagmiljø har ytra skepsis til at dei kunne brukast på norske intensivavdelingar. Legeforeininga kalla dei ueigna til behandling av koronapasientar.

Nødrespiratoren manglar no berre såkalla CE-godkjenning, og det blir venta at han blir sett i produksjon om kort tid.

(©NPK)