Justisministeren vil at politiet skal kunne bruke omvend valdsalarm utan dom

Justisminister Monica Mæland (H) vil senke terskelen for bruk av omvendt valdsalarm, ei innretning der byrda blir lagt på utøvar og ikkje utsette.
innenriks

Lenkja som blir festa rundt ankelen, sender regelmessig posisjonar til politiet. Viss ein domfelt går inn i eit forbodsområde, får operasjonssentralen til politiet varsel. Brukaren må ha lenkja på seg 24 timar i døgnet, skriv NRK.

Justisminister Monica Mæland vil at politiet skal kunne pålegge bruk av såkalla omvendt valdsalarm utan dom.

– I dag kan politiet pålegge besøksforbod, medan ein må til domstolen for eit vedtak om omvendt valdsalarm. Vi ønskjer å senke den terskelen og vurdere om politiet òg kan pålegge omvendt valdsalarm, seier justisminister Monica Mæland til NRK.

Den nye fotlenka, som politiet omtaler som «kontaktforbod med elektronisk kontroll», vart mogleg å ta i bruk i februar 2013.

Men tidlegare denne veka avdekte NRK at omvendte valdsalarmar berre har vorte brukt 26 gonger dei siste sju åra, sjølv om Riksadvokaten og fleire justisministrar har bede om auka bruk.

Mæland meiner det er altfor lågt. Grunnen til at det har teke så lang tid, er at det er juridisk krevjande, ifølgje justisministeren.

Tidlegare har det vore mest vanleg at offera har hatt på seg ein såkalla tryggleiksalarm. Tanken bak var å flytte byrda frå den utsette til utøvar.

Kvart år blir tusenvis av valdshendingar i nære relasjonar melde til politiet.

(©NPK)