Viken la ut personnummer til alle lærlingar i fylket

Personnummer og andre opplysningar om 4.800 lærlingar i Viken fylkeskommune låg ute på nettsida til fylket i to døgn.
innenriks

Opplysningane vart lagt ut måndag og fjerna onsdag ettermiddag, skriv NRK.

Det dreier seg om namn, fødsels- og personnummer, e-postadresse og telefonnummer til alle 4.800 nye lærlingar. I ei melding til alle dei rørte lærlingane skriv Viken fylkeskommune at informasjonen vart lasta ned 42 gonger, og at dei ikkje kan sjå kven desse er.

«Det antas at det dreier seg om lærebedrifter eller ansatte ved Vikens videregående skoler», står det i meldinga.

Personvernombodet i Viken og Datatilsynet er rutinemessig varsla om hendinga.

(©NPK)