Helsedepartementet droppar forslag om tvangsisolering

Helsedepartementet går ikkje vidare med forslaget om å endre smittevernloven slik at fleire sjukeheimar kan tvangsisolere pasientar med covid-19.
innenriks

Lovendringa ville gitt tilgjenge til å tvangsisolere koronasmitta pasientar som motset seg isolering, til dømes personar med demens eller psykisk utviklingshemming, skriv Dagbladet.

Helsedepartementet har lytta til høyringsinnspela, spesielt frå Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU), og har no vedteken å likevel ikkje gå vidare med lovforslaget.

– Vi er no i ein smittesituasjon der vi kan bruke meir tid på denne problemstillinga. Vi oppfattar at fleire er samde i at dagens lov som krev at ein må flytte ein person heimefrå til ein helseinstitusjon for å tvangsisolere, ikkje er ei god løysing. Men eg forstår òg at mange var bekymra for at den føreslegne heimelen vil senke terskelen for å bruke tvang unødvendig, opplyser helseminister Bent Høie (H) i ein kommentar til NTB.

(©NPK)