Musikk- og drillkompani blir omdisponert på grunn av koronasituasjonen

Musikk- og drillkompaniet 3. gardekompani blir omdisponert på grunn av koronasituasjonen, opplyser Hæren.
innenriks

– Dette er godt trena soldatar som blir omdisponerte og brukte ein annan stad på grunn av koronasituasjonen. Dei hadde i utgangspunktet eit fullt program no, men sidan alt det er avlyst vil ressursane deira bli brukte andre stader i forsvaret, seier kommunikasjonssjef og oberstløytnant Per Espen Strande i Hæren til VG.

Ifølgje Dagbladet skal årsaka vere at Forsvaret har teke inn for få soldatar, og at det har ført til personellmangel. Drilltroppen skal overførast til Forsvarets Fellestjenester.

(©NPK)