Oljeskattforhandlingene held fram

Etter å ha hatt ein pause i forhandlingane 1. pinsedag, heldt Stortingets finanskomité fram forhandlingane om oljeskatten måndag.
innenriks

– Vi er optimistiske heilt til vi ikkje kan vere det meir. Førebels så har vi hatt eit godt møte. Vi har avtalt å møtast igjen alle saman i morgon. No skal vi jobbe gjennom kvelden, og det er det som gjeld inntil vidare, seier leiaren i finanskomiteen Mudassar Kapur (H) til NRK måndag kveld.

Dagbladet skreiv søndag at Arbeidarpartiet, SV, Framstegspartiet og Senterpartiet er ikkje samde om kva slags modell for utbytteavgrensing som er den beste.

Fristen for å kome til semje er torsdag.

(©NPK)