Statsministeren besøkte sommarpark på første opningsdag

Frå måndag kunne mellom anna underhaldningsparkar opne etter koronastengning. Statsminister Erna Solberg (H) markerte det med ei vitjing.
innenriks

Der fekk ho og ektemannen Sindre Finnes omvisning i klatreparken av dagleg leiar Espen Bengston og hunden hans Snowy.

– Jo meir vi kan gjere som i ein normal kvardag, jo betre er det, seier Solberg til NTB.

Over hovuda deira klatra og sveva både barn og vaksne i dei mange hindera og ziplinene.

– Det er mange våghalsar her, kommenterte statsministeren.

– Kjempekult å klatre

Oslo Sommerpark må til liks med andre parkar følgje ei rekkje smitteverntiltak. Mellom anna er det berre tillate med éin person per plattform i trea – viss ikkje dei er i same husstand.

Søskena Louis, Amalie og Henriette Thorendahl var i parken med mora og faren.

– Det er kjempekult å klatre, og det er veldig gøy å køyre zipline, sa Henriette.

Oslo Sommerpark har rundt 50 personar på lønningslista, opplyser den daglege leiaren, som er glad for endeleg å kunne opne parken igjen.

– Det er hyggjeleg, ikkje minst for dei tilsette, seier Espen Bengtson.

Folk i arbeid

Også statsministeren trekk fram tydinga av det å få folk tilbake i arbeid.

– Dette er òg jobbar. Mange snakkar kva jobbar som er viktige, men alle jobbar er viktige i Noreg for augneblinken. Det er mange arbeidsledige. Dette er jobbar, og det er aktivitet, seier Solberg.

– Og så er fysisk aktivitet for barn og unge viktig. Klatreparkene gir ein måte å utfolde seg på, og underhaldningsparkane gir ei glede i kvardagen. Eg trur vi treng det etter den vinteren og våren vi har hatt, legg ho til.

Reknar ikkje med blomstring

Solberg meiner at smittenivået i Noreg no er så lågt at gjenopning av underhaldningsparkar truleg ikkje vil gi nokon særleg blomstring – vel å merke viss ein følgjer smittereglane.

Måndag kunne òg alkoholserveringsstader som ikkje serverer mat, opne igjen.

– Det er nok meir sannsynleg at vurderingsevna blir litt dårlegare etter at ein har vore ei stund i ein bar enn når ein er i ein klatrepark, poengterer Erna Solberg.






(©NPK)