MDG vil stanse nye hyttefelt

For å hindre tap av natur og naturmangfald går MDGs programkomité inn for full stans av hyttebygging utanfor allereie eksisterande hyttefelt.
innenriks

– Vi meiner at dei hyttefelta som skal komme, må komme i eksisterande område der det er mogleg å fortette og byggje hyttene på ein annan måte, seier nestleiar Arild Hermstad til NRK.

Han meiner ein òg må stille seg spørsmål om det er mogleg å dele meir på hyttene vi allereie har.

– Kan vi ha fleire ordningar der ein leiger seg inn, i staden for at alle skal ha eiga hytte, spør Hermstad.

(©NPK)