Medisin frå norsk selskap gitt til første koronapasient i Storbritannia

Medisin utvikla av selskapet Bergenbio blir testa mot korona. Den første koronapasienten har no teke i mot ein dose av legemiddelet.
innenriks

Bergenbio opplyser i ei børsmelding tysdag at legemiddelet til bioteknologiselskapet bemcentinib er valt ut som den første potensielle behandlinga til å bli testa i ein britisk studie kalla ACCORD (Accelerating COVID-19 Research & Development plattform). Kort sagt er dette nemninga for eit påskunda forskings- og utviklingsprogram for behandlingar av covid-19.

No har medisinen utvikla av bergensselskapet vorte gitt til britisk covid-19-pasient, skriv Bergensavisen.

(©NPK)