Norske hytteeigarar i Sverige krev svar

Over 12.400 nordmenn har fritidsbustad i Sverige. No krev dei eit klart svar på om dei kan få bruke hyttene sine i sommar – utan karanteneplikt.
innenriks

I alt 5.559 av hytteeigarane har underteikna eit opprop med krav om unntak frå karanteneplikta for nordmenn som eig hytte i Sverige eller Finland. I byrjinga av mai vart oppropet sendt til styresmaktene.

Men eit klart svar har halde seg borte.

– Det einaste svaret vi har fått, er at vi må følgje med fram til 15. juni, seier Siri Jetzel, som stod bak underskriftsaksjonen, til NTB. Sjølv har ho ei hytte tolv minutts køyring frå svenskegrensa.

– Frustrerande

– Det er veldig frustrerande. Vi som har hytte, har jo allereie brukt dei pengane vi har, på dette, seier Jetzel, som viser til svensk statistikk der det går fram at det har vore færre enn ti tilfelle av covid-19 i Strömstad.

I Västra Götaland, der mange av dei i alt 12.416 nordmennene som ifølgje SCB eig fritidsbustader i Sverige, held til, har drygt 6.000 testa positivt for korona. Over halvpartane av tilfella har vore i Göteborg.

Kravet i oppropet er at nordmenn som kan dokumentere at dei eig hytte i Sverige og/eller Finland, må kunne opphalde seg og overnatte på hyttene sine utan å bli pålagde karantene, under føresetnad av at dei køyrer direkte til hytta utan stopp og ikkje er i nærkontakt med andre personar enn dei i eigen husstand under opphaldet.

– Klar over smittevern

– Vi som har fritidsbustad, er jo fullstendig klar over at vi må følgje smittevernreglane. Men det verkar som om styresmaktene ikkje stoler på oss, seier Jetzel, som også viser til at Folkehelseinstituttet (FHI) aldri tilrådde stengde grenser.

– I Danmark har dei opna for at dei med sommarhus kan kome inn utan karantene, påpeikar ho.

Helse- og omsorgsdepartementet kunne tysdag ikkje svare på spørsmål frå NTB om eit unntak frå karanteneplikta for norske hytteeigarar i Sverige er til vurdering, eller når hytteeigarane kan vente eit svar.

Fagdirektør Frode Forland i FHI uttala til Aftenposten før helga at sidan smittesituasjonen har utvikla seg så ulikt i Noreg og Sverige, er det betre argument no for å stengje grensene enn då det vart gjort 14. mars.

Forland vil ikkje heller sjå bort frå at det kan bli eigne reglar for svenskar som kjem til Noreg.

I Sverige er det no 37.814 personar som har fått påvist smitte av koronaviruset, medan talet på covid-19-dødsfall er oppe i 4.403.

Vil ha nordisk løysing

Den svenske innanriksministeren Mikael Damberg (S) seier på si side til SVT tysdag at Noreg og Danmark «har temmeleg svake argument» for å halde fram med å halde grensa til Sverige stengd. Han viser mellom anna til at i områda langs grensa til Noreg er smittetala låge.

Trass alt er både smittespreiinga og talet på dødsfall i Sverige på veg ned, seier Damberg, som tek til orde for regionale løysingar.

Samtalar om ei slik regional løysing skal no gå føre seg mellom Sverige og Danmark.

– Vi hadde gjerne sett ei meir nordisk løysing, seier Damberg.


(©NPK)