Ordførarar mot vindkraft sameinar seg

40 ordførarar frå kommunar over heile landet har så langt signert eit felles opprop mot vidare planlegging av vindkraft i kommunar utan kommunal styring.
innenriks

Ordførarane meiner at prosjekterte vindkraftutbyggingar må stansast og konsesjonar må avslåast der kommunen sjølv har sagt nei til utbygging, skriv Klassekampen. Det er ordførar i Lyngdal, Jan Kristensen (H), som har fått med seg 39 andre ordførarar i eit felles opprop. Fram til fristen i midten av juni reknar han med at mange fleire ordførarar vil signere.

I oppropet ber ordførarar om at demokratisk fatta vedtak blir respekterte og dei krev at «statsråden umiddelbart griper inn og stopper all videre planlegging av nye vindkraftprosjekt i våre områder».

Klassekampen har tidlegare kartlagt at nesten alle kommunane innanfor forslaget til nasjonal ramme for vindkraft på land seier nei til vindkraft i eigen kommune. Ordførarar ønskjer at vindkraftsakene blir overførte frå energilova til plan- og bygningslova som gir kommunane større innverknad over prosjekta.

(©NPK)