Undersøking: Nordmenn kuttar feriebudsjettet med 16.000 kroner

Den gjennomsnittlege husstanden i Noreg planlegg å bruke drygt 27.000 kroner på ferie i 2020, ifølgje Virke Reiselivs ferske undersøking.
innenriks

Beløpet er det lågaste Virke har registrert sidan undersøkinga første gong vart gjennomført i 2012.

Til samanlikning planla norske husstandar i snitt å bruke litt over 43.000 kroner då dei vart spurde i desember 2019.

– Samtidig melder fleire aktørar at det byrjar å kome inn bookinger frå norske gjester. Det finst heldigvis lyspunkt i ei elles mørk tid for reiselivsnæringa, seier Astrid Bergmål, leiar for Virke Reiseliv.

Private hytter

For eit halvt år sidan oppgav seks av ti av dei som skulle på sommarferie, at dei planla å reise til utlandet. No svarer berre 7 prosent det same.

I undersøkinga oppgir 47 prosent at dei sannsynlegvis skal halde til årets ferie på privat hytte i Noreg, medan 41 prosent fortel at dei skal vere heime.

38 prosent planlegg besøk hos familie eller ven i Noreg, og 36 prosent har planar om ferie på hotell, campingplass, hyttegrend eller ein stad med privat utleige i Noreg. Her har folk kunna gi fleire svar.

Eit tøft år for reiselivet

Leiaren for Virke Reiseliv minner om at overnattingsstader, aktivitets- og opplevingsaktørar over heile Noreg no står klare til å ta imot norske gjester.

– Dei er moglegheitsorienterte, men det er ikkje til å kome unna at det blir ein tøff sommar og eit tøft år for reiselivsnæringa. At folk kuttar i eige feriebudsjettet understrekar dette, seier ho.

Bergmål seier det er positivt at fleire ser ut til å planleggje ferie i eige land, men meiner talet er for lågt til å kunne dekke opp for alle dei utanlandske turistane, som no uteblir som følgje av reiserestriksjonar.

– Vi er bekymra over at mange aktørar ikkje vil klare seg. Mange lever av sommarsesongen åleine, har små marginar og er avhengige av internasjonale gjester. Mange av desse treffest heller ikkje av tiltakspakkane til regjeringa, seier Bergmål.

Vil ha grenseopning

I undersøkinga svarar seks av ti at attraksjonar og opplevingar er styrande for valet av reiser. Tre av ti svarer at miljø er styrande, og dette talet ligg på nivå med fjoråret.

Virke ber styresmaktene jobbe med å leggje til rette for gradvis gjenopning av grensene på ein trygg måte.

– Vi registrerer at ei rekke land no opnar for turistar frå Noreg, medan norske styresmakter framleis held igjen. Det å få i gang igjen internasjonal turisme er viktig både for norsk reiselivsnæring, men også for alle dei landa som lever av turisme, seier Astrid Bergmål i Virke Reiseliv.



(©NPK)