8.455 registrerte koronatilfelle i Noreg – opp 9

Det var ved midnatt registrert 8.455 tilfelle av koronasmitte i Noreg, viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet.
innenriks

Dette er ein auke på ni tilfelle siste døgn. Dei siste to dagane er auken på 15 tilfelle.

Tala er henta frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) og viser ei førebels oversikt.

I alt 32 personar får behandling på sjukehus for covid-19-sjukdom. Det var tysdag registrert 237 døde som følgje av sjukdommen.

(©NPK)