Fleire tvangsavviklingar, men færre konkursar i mai

I mai vart totalt 459 bedrifter tvangsavvikla. Det er ein auke på heile 64 prosent samanlikna med mai i fjor. Talet på konkursar har gått ned med 27 prosent.
innenriks

Hittil i år har auken i tvangsavviklingar vore på 41 prosent, medan det er færre bedrifter som har gått konkurs.

– Hittil i år ligg konkursar og tvangsavviklingar samla 5,7 prosent under fjoråret, seier kredittøkonom Per Einar Ruud i Bisnode.

Årsaka til at styresmaktene tvangsavviklar eit selskap er stort sett manglande innrapportering av rekneskapstal, medan ein konkurs inneber at eit selskap ikkje klarer å betale det dei skuldar.

At talet på konkursar går ned komme av ifølgje Bisnode i stor grad hjelpepakkane frå styresmaktene og at Skatteetaten har sendt inn få konkurskrav under koronakrisa.

Ruud trur mange bedrifter får det verre i juni når utsett moms frå mars og dessutan moms for juni og feriepengar skal betalast.

– Vi fryktar derfor at mange bedrifter ikkje overlever dei tre store utbetalingane i juni, seier han.

Hotell- og restaurantbransjen har, ikkje uventa, hatt det tøffast dei siste månadene, og i mai opplevde bransjen 19,1 prosent fleire konkursar enn i fjor.

Detaljhandel, som inkluderer daglegvarebutikkar og netthandel, har på si side hatt ein nedgang i konkursar på 11,6 prosent.

(©NPK)