FHI: Folk med dårleg råd kan vere meir utsette for korona-død

Fattigdom, det å bu trongt og visse etniske bakgrunnar kan auke risikoen for at ein døyr av covid-19. Høg alder er likevel den største risikofaktoren.
innenriks

Det går fram av ei oppdatert risikovurdering frå Folkehelseinstituttet som vart kunngjord onsdag.

Instituttet har samanfatta kunnskap frå sju studiar om samanhengen mellom koronarelaterte dødsfall og sosioøkonomiske forhold. Resultatet kan tyde på at det å ha låg inntekt, vere fattig, bu i dårleg stilte område eller å vere av visse etniske bakgrunnar er assosierte med større risiko for covid-19-relatert død samanlikna med resten av folket.

– Vi treng betre kunnskap om styrken av og årsakene til samanhengane mellom sosiale forhold og covid-19-relatert sjukdomsbyrde eller tiltaksbyrde i Noreg, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

Ho påpeikar at det kan vere verdifullt å sjå på data frå Nav og SSB saman med data frå beredskapsregisteret. Smittesporing kan gi nyttige data om årsaker til meir smitte i nokre område eller grupper.

– Til dømes kan ein analysere om smitte i husstanden er vanlegare i Oslo-bydelar der fleire bur trongt, seier Vold.

(©NPK)