FHI: Låg koronaspreiing i Noreg

Det er lite koronasmitte her i landet, konstaterer Folkehelseinstituttet i ein ny rapport. Dei fleste kommunar har ikkje meldt om smitta dei siste vekene.
innenriks

Til saman anslår Folkehelseinstituttet at det har vore mellom 34.000 og 42.000 smitta i Noreg. Av desse er 8.800 diagnostiserte og dermed kjende tilfelle.

– Dette viser at talet på smitta i Noreg er lågt, og samtidig at det har vore fleire smitta i Noreg enn dei vi kjenner til og som er følgde opp i helsetenesta, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI.

FHI la fram den tiande risikovurderinga si av koronautbrotet onsdag.

(©NPK)