FHI: Meir reising aukar faren for lokale utbrot

Det er større fare for lokale smitteutbrot når grensene no gradvis vert opna, men konsekvensane blir truleg ikkje så store, trur FHI.
innenriks

– Når regjeringa no gradvis opnar grensene og innreiserestriksjonar blir heva for reisande frå ein del land, og dessutan at flygingar blir tekne opp att til og frå Noreg, så aukar risikoen for import av smitte til Noreg, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet (FHI).

Dette vil gi lokale utbrot av covid-19, men instituttet meiner det likevel vil få låge konsekvensar.

– Grunnen til dette er at helsetenesta har god kapasitet og er godt førebudd til å handtere epidemien gjennom å teste, isolere og drive smitteoppsporing, skriv FHI på nettsidene sine.

Instituttet la onsdag fram ei ny risikovurdering av covid-19-epidemien.

– Generelt er det liten fare for at nordmenn og turistar som kjem frå område med same gunstige smittesituasjon som Noreg, eller som oppheld seg i karantene dei første ti dagane, vil bidra til auke i smittespreiinga i Noreg, seier Vold.

(©NPK)