FHI uroa for massesmitte på skjenkjestader

Folkehelseinstituttet fryktar at koronasmitta personar utan symptom kan bidra til massesmitte på skjenkestader.
innenriks

– Vi er uroa for at det skal vere smittekjelder med få eller ingen symptom blant gjestene, og at vi dermed kan få massesmittehendingar, eller at det blir sett i gang skjult spreiing, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet (FHI).

I helga vart det meldt om ei rekkje tilfelle i Oslo og andre stader der mange gjester på skjenkjestader ikkje følgjer avstandsreglane, særleg på nattetid og i køar.

– Vi oppmodar publikum til å følgje reglane og unngå stader der reglane blir brotne, og vi oppmodar bransjen til å vere årvakne og overhalde reglane, seier Vold.

(©NPK)