Helsedirektøren: Uheldig at kommunar har ulik testpraksis

Bjørn Guldvog meiner det er uheldig at kommunar har ulik testpraksis. Den siste veka har fleire turistkommunar bede besøkjande dra heim om dei treng testing.
innenriks

– På informasjonstelefonen får vi veldig mange spørsmål som dreier seg om testing, og at kommunane praktiserer testkriteria på ulike måtar. Det er uheldig, sa helsedirektør Bjørn Guldvog på koronapressekonferansen til regjeringa onsdag.

Han minte om paragraf 7,1 i smittevernlova og understreka at kommunane ikkje har høve til å nekte turistar testing når det finst grunn til mistanke om smittsam sjukdom, som covid-19. Dette gjeld òg utanlandske statsborgarar.

Førre veke oppmoda mellom anna Kragerø-ordførar Grunde Wegar Knudsen turistar som kjem langvegesfrå, dra heim for å teste seg om dei har koronasymptom.

– For allmennfarlege smittsame sjukdommar er dette ein gratis test for pasienten, også for utanlandske statsborgarar, sa Guldvog.

(©NPK)