Mæland: Minn gjerne folk om einmetersregelen

Justisminister Monica Mæland (H) ber folk om å følgje smittevernreglane og oppmodar folk til å seie venleg ifrå til folk som gløymer seg.
innenriks

– Det er viktig å minne alle om at vi må vaske hendene ofte og grundig, halde avstand til folk og unngå stader der mange oppheld seg, sa Mæland under pressekonferansen til regjeringa onsdag.

Justisministeren sa at det er lov å reagere når folk står for tett, anten det er på bussen eller i byen. Minn gjerne om einmetersregelen på ein venleg måte, oppmoda ho.

– Eg trur dei aller fleste gjer så godt dei kan, men det er lett å gløyme seg. Då kan det vere godt å få ei venleg påminning.

(©NPK)