Resultata frå koronatestar skal leggjast ut på nettet

Frå torsdag kan du sjølv sjekke resultatet frå koronatesten på nettet. – Eit viktig tiltak ved ein eventuell ny smittetopp, seier helseminister Bent Høie (H).
innenriks

Resultat frå koronatestane vil bli lagt ut på nettsida helsenoreg.no så snart dei er analyserte. I tillegg kan helsepersonell sjå prøvesvaret i kjernejournalen.

Høie seier at det vil gjere det enklare å få tilgang til prøvesvara for folket og gjere arbeidet for helsepersonell meir effektivt.

– Dette er derfor eit viktig tiltak for å lykkast ved ein eventuell ny smittetopp, der det er nødvendig med meir testing, isolering, smitteoppsporing og å setje folk i karantene, seier statsråden.

Raskare tilgang til prøvesvar vil mellom anna bidra til at pasientar raskare kan få avklart om dei skal følgje reglane for isolasjon dersom dei har positiv test. Alle med symptom på luftvegsinfeksjon skal halde seg heime.

Ved at prøvesvar blir viste i kjernejournalen, får helsepersonell på legevakt, sjukehus og fastlegar moglegheit til å sjå prøvesvar frå andre laboratorium. Elektronisk formidling av prøvesvar kan derfor redusere behovet for å ta nye prøver.

– Å handtere førespurnader frå publikum etter ein betydeleg auke av testvolumet inneber ei belastning for ei allereie pressa helseteneste. For helsepersonell vil ein rask tilgang til prøvesvar òg gjere det enklare å raskt kunne stille rett diagnose og dermed vurdere betre vidare oppfølging og behandling, seier helseministeren.

(©NPK)