Roger Ingebrigtsen blir politisk rådgivar for UiT-rektoren

Tidlegare Ap-politikar Roger Ingebrigtsen blir politisk rådgivar for rektoren ved Universitetet i Tromsø.
innenriks

Det opplyser universitetet på sine nettsider.

Stillinga er eit engasjement på eitt år, og Ingebrigtsen byrjar i jobben i august.

Ingebrigtsen kjem frå Tromsø og har lang politisk erfaring frå Arbeidarpartiet. Han har mellom anna vore statssekretær i fleire departement.

Ingebrigtsen kjem no frå stillinga som rådgivar i kommunikasjonsselskapet First House.

(©NPK)