Børsen snudde til pluss

Oslo Børs opna svakt ned, men henta seg inn torsdag ettermiddag. Då handelen stengde, var hovudindeksen opp 0,56 prosent til 807,28 poeng.
innenriks

Snuoperasjonen har samanheng med jobbtal frå USA som var langt meir positive enn venta, ifølgje E24.

Equinor var mest omsett og hadde lagt på seg 1,7 prosent då handelen stengde torsdag ettermiddag. Deretter følgde NEL (+6,2), DNB (+0,3) og Mowi (-1,9).

Wallenius Wilhelmsen steig mest på hovudindeksen med 9,3 prosent, medan Kongsberg Automotive sokk mest, med 8,3 prosent.

Eit fat nordsjøolje vart torsdag ettermiddag omsett for drygt 42 dollar på spotmarknaden, ein svak oppgang på rundt 0,1 prosent. Blant dei europeiske aksjeindeksane steig DAX 30 i Frankfurt 2,5 prosent, medan FTSE 100 i London steig med 1,1 prosent og CAC 40 i Paris steig med 2,2 prosent.

(©NPK)