Miljødirektoratet: Fleire desinfeksjonsmiddel har ikkje dokumenterbar effekt

Fleire desinfeksjonsmiddel selde under koronakrisa har ikkje dokumenterbart vern mot viruset, viser Miljødirektoratets kontrollar.
innenriks

Fleire av midla er òg ulovleg å selje, opplyser direktoratet i ei pressemelding.

Totalt har 17 verksemder – som er importørar, produsentar eller forhandlarar av desinfeksjonsmiddel – vorte kontrollerte. I tillegg har nettbutikkar som sel desinfiserande middel, også vorte sjekka.

Funna viser at sju verksemder selde desinfeksjonsmiddel med ulovleg innhald av hydrogenperoksid, klor- og koparsamband. Fleire har òg reklamert med at midla er «naturlege» eller «miljøvennlege» – noko som ikkje er tillate.

-Vi har pålagt verksemdene å stanse sal av ulovlege produkt. Dei vil få ein tvangsmulkt dersom dei ikkje rettar opp, seier seksjonsleiar i Miljødirektoratet, Mathieu Veulemans.

Han peikar òg på at fleire desinfeksjonsmiddel som drep bakteriar, ikkje nødvendigvis tek knekken på virus. Miljødirektoratet rår folk til å velje middel som er alkoholbaserte.

– Desinfeksjonsmiddel som ikkje verkar, gir brukaren ein falsk tryggleik. Det er viktig at verksemdene tek ansvaret sitt på alvor og sørgjer for at produkta er trygge og effektive, seier Veulemans.

(©NPK)