PST-tilsette tok moskéterroren tungt

PST-sjef Hans Sverre Sjøvold seier at fleire i Politiets tryggingsteneste (PST) var lei seg etter angrepet mot moskeen i Bærum.
innenriks

– Det er ikkje noko ålreit for ei teneste som har som ansvar å førebyggje og hindre terror, at det skjer, seier Sjøvold til NTB.

– Det var mange som var lei seg i PST etter det her, held han fram.

I rapporten om PST og arbeidet til politiet i tida før og under angrepet i Al-Noor-moskeen i Bærum 10. august 2019 skriv det eksterne granskingsutvalet at handteringa av tipset om Philip Manshaus' ytterleggåande haldningar var tilpassa den uroa og informasjonen som låg føre.

Samtidig meiner utvalet at det burde hatt ein bekymringssamtale med Manshaus.

PST får òg kritikk for at dei ikkje formidla utover at dei hadde justert opp trusselvurderinga si om høgreekstreme personar. Det tek PST-sjefen sjølvkritikk for.

– Det er ikkje noko ved organisasjonen vår som skulle tyde at vi ikkje kunne laga ei ugradert trusselvurdering og kommunisert på ein annan måte. Det meiner eg at vi må ta sjølvkritikk for, men så er det ikkje dermed sagt at det ville ha hatt nokon innverknad på den konkrete hendinga, seier Sjøvold.

(©NPK)