Styremedlem i Al-Noor-moskeen: Godt at ein tredjepart har gjort ei evaluering

Irfan Mushtaq, som sjølv varsla politiet om terrorangrepet i Al-Noor-moskeen, synest det er godt at evalueringsrapporten etter angrepet no er klar.
innenriks

– Eg synest det er godt at ein tredjepart har gjort ei evaluering av ein så viktig institusjon som politiet og PST. Dei er heilt avhengige av å ha tillit og at folk skal vere trygge på at tryggleiken er på plass, seier han til NTB.

Mushtaq er tidlegare forstandar og styremedlem i moskeen som vart angripen av Philip Manshaus 10. august i fjor. Han har førebels ikkje fått lese heile evalueringsrapporten, som han sjølv har bidrege til. Men han synest det som kjem fram rundt bruken til politiet av Google Maps under utrykkinga, er urovekkande.

– Eg synest det er veldig urovekkande at dei har brukt dette. Kriminelle kan lage fleire stadnamn for å forvirre politiet, seier han.

Då Mushtaq ringde politiet for å varsle om terrorangrepet den laurdagen i august, møtte han eit tryggingsapparat som han opplevde mangla både trening og kompetanse.

– Den første kampen min var jo med politiet og operasjonssentralen, få dei til å tru på det eg sa. Eg måtte overtale dei til å rykkje ut, seier han.

I rapporten får politiet kritikk for lang utrykkingstid til moskeen på Skui i Bærum og for situasjonsforståinga som rådde dei første timane.

(©NPK)