Færre får sosialhjelp

Frå 2018 til 2019 har det vorte færre sosialhjelpsmottakarar. Trenden med at det blir færre yngre og fleire eldre som får sosialhjelp, held fram.
innenriks

2019 er første året sidan 2012 at det er nedgang i talet på mottakarar av sosialhjelp. Til saman fekk i underkant av 130.000 personar sosialhjelp i fjor. Det er ein nedgang på 2 prosent samanlikna med året før.

Den største nedgangen finn ein blant dei som er under 30 år. For dei over 50 år er det ein auke i talet på sosialhjelpsmottakarar, viser nye tal frå SSBs statistikk økonomisk sosialhjelp.

Sjølv om talet på mottakarar gjekk ned, gjekk utbetalingar til sosialhjelp opp med 0,4 prosent, til i underkant av 7 milliardar kroner.

Dette heng truleg saman med ein nedgang blant dei som har fått sosialhjelp i ein kortare periode, medan det har vore ein auke blant dei som har fått hjelp i åtte månader eller meir. Den gjennomsnittlege stønadstida i fjor var 5,5 månader, ein liten auke frå 5,4 månader året før.

I gjennomsnitt var det i underkant av 60.000 personar som fekk sosialhjelp kvar månad. Det er i overkant av 30 prosent som berre får stønad i to månader eller mindre gjennom året. Av alle som fekk sosialhjelp i fjor, var det 14 prosent som fekk stønad gjennom heile året.

Talet på sosialhjelpsmottakarar med barn har gått ned med 5 prosent. Det er første gong sidan 2012 at dette talet går ned.

(©NPK)