Arkeologar har gjort mange funne under utgravinga av Gjellestadskipet

Berre to veker etter at utgravingane av Gjellestadskipet utanfor Halden byrja, har arkeologane gjort hundrevis av funn.
innenriks

Arkeologane har grave seg gjennom eit 20–25 centimeter tjukt lag med matjord. Med spadar og gravemaskin er jorda fjerna frå eit 350 kvadratmeter stort felt over der vikingskipet ligg gravla.

Utgravingsteamet gjort hundrevis av funn, skriv Demokraten.

– Det er uvanleg å finne så mykje på ei utgraving frå jernalderen. Denne utgravinga er unik for alle som jobbar her – både på grunn av funna, men òg fordi det er første gongen på over 100 år at ei skipsgrav blir opna i Noreg, seier utgravingsleiar Camilla Cecilie Wenn frå Kulturhistorisk museum.

Wenn anslår at dei til no har fleire enn 100 funnposar med funn av varierande kvalitet og storleik. Gjellestadskipet er så nedbrote at arkeologar og forskarar uansett har venta at skipet må bli henta opp i småbitar. Sjølve kjølen skal likevel vere i god stand.

Det vil ta rundt fem månader før arkeologane er ferdig med utgravinga av Gjellestadskipet.

Restane av vikingskipet vart funne i 2018 på garden Jellestad som ligg utanfor Halden. Det arkeologiske funnet har vorte kalla eitt av dei mest oppsiktsvekkjande i Noreg i etterkrigstida. Skipet kan tidlegast ha vorte bygget i år 733 e. Kr., men er mest sannsynleg frå tidleg vikingtid.

Skipet er omtrent like stort som Gokstadskipet og Osebergskipet. Restane av skipet antydar at det kan ha vore mellom 23 og 24 meter langt i den opphavlege tilstanden sin.

(©NPK)