Kjenning av politiet sikta etter å ha kutta skjegget av mann i Oslo

Ein mann i 30-åra vart trua med kniv og fekk delar av skjegget skåra av, medan ein annan fekk ei glasflaske i hovudet. Ei kjenning av politiet er sikta i saka.
innenriks

Hendinga skjedde i Solvang kolonihagar på Sogn i Oslo fredag formiddag.

– Vi har arrestert éin person. Han har ifølgje meldinga slått ein kar i hovudet med ei glasflaske og har trua ein annan fornærma med kniv og då skåra av delar av skjegget til mannen, seier politiadvokat Dag Paulsen til NTB klokka 16.45.

Sikta er ein mann i midten av 30-åra som er «godt kjende» av politiet. Siktinga gjeld truslar og vald. I tillegg har éin person status som mistenkt.

Foranledningen til flaskeknusinga og den ufrivillige barberinga er ikkje kjend. Den sikta er så langt ikkje avhøyrd, og det er ikkje teke stilling til om det blir fengslingsmøte.

Like etter hendinga opplyste Oslo politidistrikt at fire personar vart arresterte, men det var uvisst om alle var involverte. Politiadvokat Paulsen ser derimot ikkje bort frå at fleire kan få status som mistenkt eller sikta på noverande tidspunkt.

(©NPK)