Oppgang på Oslo Børs

Oslo Børs avslutta veka med brei oppgang. Hovudindeksen gjekk opp med 0,8 prosent til 826,23 poeng fredag.
innenriks

Etter eit fall på heile 2,6 prosent torsdag henta Oslo Børs seg noko inn fredag.

Nel (+3,9) og Yara (+2,2) var blant vinnarane, medan Telenor (-0,3), Mowi (-0,2) og Adevinta (-0,9) var blant aksjane som gjekk noko ned. Equinor var mest omsett og enda ned 0,2 prosent.

Oljeprisen var ved stengjetid rett i overkant av 43 dollar fatet, rundt 50 øre lågare enn ved opning.

Alle dei store sektorane gjekk noko opp, men ingen peika seg spesielt ut. Sjømatsektoren enda opp 0,6 prosent, shipping gjekk opp 0,3 prosent og energisektoren gjekk opp marginalt med 0,1 prosent.

På dei tonegivande børsane i Europa var det i 16.30-tida raude tal. FTSE 100-indeksen i London var ned 1 prosent, CAC 40-indeksen i Paris var ned 0,6 prosent og DAX 30-indeksen i Frankfurt var ned 0,1 prosent.

(©NPK)