Vestlending tiltalt for å ha drepe hunden sin

Ein mann i 50-åra er tiltalt for å ha drepe sin eigen hund ved å stikke han med ein skarp gjenstand gjentekne gonger.
innenriks

Hendinga skal ha skjedd på ei privatadresse i Førde i Sunnfjord i vinter. Ifølgje tiltalen brukte mannen ein «saks, kniv eller annan skarp gjenstand».

Mannen er tiltalt for grovt brot av dyrevelferdslova, noko som blir straffa med fengsel inntil tre år. Han er òg tiltalt for brot på våpenlova.

Påtalemakta har teke atterhald om å nedleggje påstand om forbod mot hunde- eller dyrehald, og dessutan inndraging av våpena.

Saka blir behandla i Sogn og Fjordane tingrett over to dagar i oktober.

(©NPK)